Nominasjonskomité i Giske, Valderøy og Vigra sokn set opp forslag til valliste i dei tre sokna til soknerådsval 2023. Forslag på kandidatar til soknerådet kan meldast til kyrkjekontoret før 15.mars, eller snarast. Valbare er medlemmer av Den norske kyrkja som bur i soknet, og som fyller 18 år seinast i 2023.
Listeforslag bør ha minst 40 prosent representasjon av kvart kjønn, minst 20 prosent representasjon av ungdom under 30 år og ei rimeleg geografisk spreiing. Kandidatar skal vere oppført i prioritert rekkjefølgje med førenamn, eventuelt mellomnamn, etternamn og fødselsår, og dessutan eventuelt bustad og stilling.
Det er òg høve for ein nomineringsgruppe på ti personar med stemmerett i soknet å levere ei liste til val av sokneråd.
Innleveringsfrist for listeforslag er fredag 31. mars 2023, kl. 12. til e-post:
kyrkja@giske.kommune.no, eller post, Kyrkjekontoret, Valderhaug 4, 6050 Valderøy
Kyrkjevalet finn stad 11. september 2023, med digital og fysisk førehandsstemming frå 10. august.
Val av leke medlemmer av bispedømeråd og Kyrkjemøtet finn stad samtidig med soknerådsvalet.
Lurer du på kva det vil seie å sitte i soknerådet, kan du lese meir om det her eller her.