Her fortel ho litt om seg sjølv:
Eg er 29 år, og har vokst opp på Vigra og Valderøya. No bur eg på Skjong saman med mannen min Georg og barna mine Ronja og Gustav. Eg har ein bachelor som førskulelærar, utdanninga mi tok eg i Bergen og Volda. Elles har eg og litt ekstra studiepoeng i pedagogikk som eg har tatt ved sidan av jobb. Eg har jobba som pedagogisk leiar i barnehage i fleire år, og eg elsker å få arbeide med barn.
Eg er glad i å synge og dramatisere, og har sunge i kor som både barn og vaksen. Så er eg glad i å gå på konserter og nyte musikk, gå turer ute, og eg er glad i å prate og å vere sosial i lag med andre. Det gir meg mykje å få vere saman med andre og å bli kjend med nye.