I kyrkjekjellaren i Valderøy kyrkje er to team samla for første gang for å planlegge vårsemesteret. Det eldste teamet, som har drive kafé kvar tredje fredagskveld, har blitt supplert med eit nytt team frå 6. og 7. klasse. No blir fredagskvelden delt opp i to.
Malaki-kafé er først open for dei som går i 6. og 7. klasse frå kl 18.00. Då skal det nye teamet stå bak disken og lage verdas beste milkshake. Klokka 21.00 opnar kaféen for dei som går på ungdomsskulen. Foreldregruppa trur dette blir ei fin løysing. Kaféen har blitt ein populær plass å henge, og det har til tider vore fullt hus. Vi gler oss til å opne kafeen for første gang, seier det nye teamet.
Fredag 19. januar er første gong i 2024!
Malaki for 6. - 7. klasse: kl. 18.00-20.30
Malaki for ungdomsskulen: kl. 21.00-23.30
Velkomen til kafé!
Datoane for kafé våren 2024 er:
Fredag 19. januar
Fredag 9. februar
Fredag 1. mars
Fredag 22. mars
Fredag 12. april
Fredag 24. mai