Palmesundag
FAMILIEGUDSTENESTE – Vigra
Palmesundag kl. 11.00 i Vigra kyrkje blir det høg Hosianna-faktor og feiring. Alle som kjem får utdelt palmekors. Desse skal vi vifte med når vi syng om Jesus som blir hylla som konge. Denne sundagen får vi også høyre det som skjedde med Jesus rett før han rei inn til Jerusalem på eit esel. Då salva disippelen Maria Jesus sine føter. Under nattverden vert det ei enkel bønevandring der vi som Maria kan dele tid saman med Jesus.
Skjærtorsdag
NATTVERDSGUDSTENESTER – Alnes og Vigra
Skjærtorsdag samlast vi til nattverdsgudstenester både på Alnes bedehus og i Vigra kyrkje kl. 11.00. På dagen kor Jesus innstifta nattverden, kyrkja sitt heilage måltid. Eit måltid som både gir oss del i Jesus sjølv, i det verdsvide kristne fellesskapet no og til alle tider og i nåden og kjærleiken. Dette er også dagen kor Jesus vaskar læresveinane sine føter, noko årets preiketekst har fokus på. Han gjer det for å vitne om at han er tenar, og at det skal vi også vera. «Kom, for alt er gjort ferdig!»
Langfredag
KROSSVANDRING – Valderøya
Tidleg langfredag morgon går ein liten flokk menneske rundt på Valderøya med ein stor kross. Av og til stoppar dei opp og syng eit vers og ber ei bøn. Kanskje har du sett dei?
Frå 2011 har vi kvar langfredag arrangert krossvandring/bønevandring frå Valderøy kyrkje. Langs ein liten runde frå kyrkja, ligg det fleire samfunnsinstitusjonar. På vandringa stansar vi ved desse og ber for den delen av samfunnet kvar enkelt representerer.
Det kan kjennest litt utanfor komfortsona å gå ei slik bønevandring. Men av og til treng vi nettopp slike utfordringar. Vi treng også å vide ut kva vi ber for. På denne vandringa ber vi for helsesektoren, for barnehage og skule og gode oppvekstvilkår for dei unge, for arbeidsliv og bedrifter, for media, for dei som er leiarar i kommune og samfunn, for alle som bur i Giske, for einskap mellom dei kristne. Om du meiner at bøn er viktig – kom og gå saman med oss. Vi kjem tilbake til kyrkja i god tid for å delta på langfredagsgudstenesta.
Langfredag
GUDSTENESTE – Valderøya
Langfredag kl. 11.00 samlast vi til pasjonsgudsteneste i Valderøy kyrkje. Langfredag er dagen kor Jesus vandrar lidingsvegen opp mot krossen og døyr for heile verda si synd og skuld. Det er den lange og triste dagen i kyrkja sitt år. Gudstenesta er annleis og det er ikkje noko pynt i kyrkjene. Vi les lidingshistoria og syng salmane for dagen. Ein sterk dag for stilla og ettertanke over kva Jesus har gjort for oss.
Påskedag
HØGTIDSGUDSTENESTER – Godøya og Valderøya
«Kristus er sanneleg oppstaden!» ropar kristne over heile verda i kor på denne dagen. Det skal vi også gjere i Giske når me samlast til høgtid og fest både i Godøy kapell og Valderøy kyrkje kl. 11.00 på påskedag. Vi feirar dåp og nattverd. Og i gudstenesta høyrer vi om det største som hende, at Jesus stod opp frå dei døde. Ein bodskap som gir oss tru, håp og kjærleik. Ein bodskap som sprengjer grenser. Ein bodskap som betyr noko for menneske i dag. Vi syng ut med glede denne dagen og samlast til fest i Guds hus før me går syngjande ut frå kyrkja: «Deg være ære, Herre over dødens makt!»
2. påskedag
HØGTIDSGUDSTENESTE – Giske
Den 2. påskedagen held feiringa fram av Jesu oppstode frå dei døde, og fokuset er på dei som møtte Jesus etter at han var stått opp. Preiketeksten denne sundagen legg vekt på Maria Magdalena sitt møte med den oppstadne Jesus. Ho trudde først at det var gartnaren, og på ein måte var det rett tenkt. Jesus som kjem med liv og vekst. I gudstenesta, i Giske kyrkje kl. 11.00, feirar vi dåp og nattverd og syng vidare med påskesalmane.
Hjarteleg velkomen til å feire påske i kyrkja!