I Valderøy kyrkje har søstrene blitt døypt. Her har dei blitt konfirmert. Her i kyrkja har dei vore med i NMSU si barneforening, sunge i barnekor og drive ungdomsklubb. Innanfor desse veggane har Anne-Helen som kyrkjelydspedagog i 12 år leia Babysang, delt ut 4 årsbøker og Biblar, leia Karnevalsgudstenester og KorTøft.
Frå Valderøy kyrkje vart Gunnhild i 2008 utsendt for språk og bibelorganisasjonen Wycliffe. Kyrkjelyden støtta prosjektet i Etiopia til familien flytta heim i 2014. Seinare har Gunnhild som tilsett i NMSU delteke i ulike arrangement i kyrkjelyden.

Det har vore to ulike vandringar fram til dei saman starta på Praktisk teologisk utdanning ved VID Kirkelig Utdanning i Nord i Tromsø 2021. Det har blitt mange studiepoeng i voksen alder. Og no er siste eksamen bestått. Vi gratulerer!
Søstrene har vore tilsett som prestar under utdanning i prostiet, og fortsett etter ordinasjonen som sokneprestar. Gunnhild i Valderøy og Anne Helen i Ellingsøy der ho også gjer teneste i Borgund.
Det blir ei flott gudsteneste med mykje sang og musikk. KorTøft og Ålesund Gospelkor tek del, det blir ekstra musikere, biskop, fungerende prost og prester i fleng. Og enda bedre blir det om du kjem og tek del i festen!
Hjarteleg velkomen!