Regnbogebøn: FORANDRING 🧡
Alefa Thomson er fem år, og går på ein førskule som Kirkens Nødhjelp har vore med på å byggje i Malawi. Der får ho reint vatn, næringsrik mat og undervisning kvar dag. Medan Alefa er på førskulen, får foreldra opplæring i moderne jordbruk der dei lærer seg å dyrke grønsaker på ein meir klimatilpassa måte. Mange barn under fem år veks ikkje som dei skal som følgje av svolt, difor er det ekstra viktig å jobbe for mattryggleik og reint vatn.