Torsdag 11. april og søndag 14. april inviterer vi deg til å vere Tårnagent i Valderøy kyrkje. Her får du utforske kyrkja, tårnet og klokkene. Vi skal gå på symboljakt, løyse agentoppdrag og mysterium. Du vil få ein eigen agentkode og eit agentbevis.
Agentane møtes i kyrkjekjellaren 11. april kl. 13.15 (rett etter skuletid).
Der blir det servert pizza. Gi beskjed dersom ditt barn har allergier. Vi held på til ca. kl. 15.30. Søndag treffast vi kl. 10.00 i Valderøy kyrkje. Vi skal delta på gudstenesta i kyrkja kl. 11.00 og så er det deilig kyrkjekaffi etterpå.
Veit du at det står noko utanpå alle kyrkjeklokkene i landet? Over heile landet er det tredjeklassinger som er tårnagentar. Vi håper du har lyst å vere ein av dei! Det koster 100 kroner å delta.
VI har behov for voksenhjelp, 3-4 stykker: Så om du har moglegheit til å hjelpe til, ta kontakt med Emma.
Påmelding skjer på appen SPOND: https://group.spond.com/RYOCO
Helsing - fullt hemmeleg - frå oss i Valderøy sokneråd
Hovudleiar: Emma Dyb
Leiar: Gunnhild Bremer