Turid vart takka av både i løpet av gudstenesta, der fellesrådsleiar Elisabeth Sundgot nemnte mange av prosjekta Turid har losa kyrkjene trygt gjennom, og på kyrkjekaffien etterpå, der fleire kom med takk og gode ord. Turid gav oss også eit godt innblikk i ord og bilete over si tid her.
Vi kjem til å sakne Turid sitt trygge og gode leiarskap og omsorg, men ho høyrer jo til her, så vi håpar at vi møter henne både titt og ofte. Og så unner vi henne ei god pensjonisttid og god tid til å dyrke både hage, familie og vener. Korleis det blir med politikken let vi veljarane avgjere etter kvart.
Lukke til og stor takk, kjære Turid!
Ein takk går også til Ottar Strand for vikarprestteneste gjennom året. Han blei også takka av fellesrådsleiaren og fekk gode ord med på vegen.