Kyrkja treng gode leiarar – kven vil du gi stemma di til? Du er med på å bestemme kven som skal sitte i soknerådet, bispedømmerådet og Kirkemøtet (den norske kyrkja sitt «Storting»).
- Kva saker er viktig for akkurat deg?
- Er du oppteken av å bygge fellesskap?
- Er det saker privat eller i media som har engasjert deg?
- Er kyrkjene viktige å ta vare på?
- Kva tankar har du om konfirmasjon og dåpsopplæring? Er det viktige element i kyrkja di?
- Kva skal til for at du opplev kyrkja ein aktuell stad for deg?
Di stemme er viktig!
Ved sist kyrkjeval i 2019 var det 386 142 som brukte stemma si. Det er 12,6% av dei som kunne stemme. Vi klarar vel meir i 2023 no som du kan stemme digitalt også?
Kven kan stemme:
- Frå du er 15 år (eller fyller i år) og oppover
- Medlem av Den norske kyrkja
- Du stemmer for det soknet du bur i
Med helsing
Kyrkjeverje Katrine Ruth