Her fortel han litt om seg sjølv:
Eg vaks opp på Vigra. Eg er gift med Britt og vi bor på Valderøya. Vi har seks barn og har ei stor glede i dei tolv barnebarna våre.
Etter misjonsskule på Fjellhaug og teologi ved Menighetsfakultetet i Oslo, reiste vi i
1987 til Hong Kong som misjonærar i Norsk Luthersk Misjonssamband. Vi drog tilbake til Noreg i 1990, der eg begynte å arbeide på barne- og ungdomsskule.
Så fekk eg kall å bli prest og var det i 17 år som vikarprest, prostiprest, sokneprest og seniorprest. I 2016 fekk eg lærarstilling ved Ålesund folkehøgskole og har hatt det kjempegodt der. Der var eg mellom anna med å undervise i faget Tru og liv, og var prest på pilegrimsvandring frå Dovre som enda i gudsteneste i Nidarosdomen.
Eg er glad i å bli kjent med nye menneske, og er overbevist om at det gode livet er
nærare enn vi ofte tenkjer. Bibel, song, musikk, friluftsliv, humor og samvær med andre er viktig for meg.
Velkomen til oss, Hallvard!