Er du 11 år og har lyst til å vere med på noko spennande i kyrkja? Bli med på LysVåken!
1. søndag i advent er det nyttår i kyrkja. Dette skal vi feire saman med 11-åringar i andre kyrkjelydar over heile landet!
Vi samlast laurdag ettermiddag i kyrkja. Då skal vi gjere ulike aktivitetar, bli kjende med kvarandre, ete god mat og sist, men ikkje minst overnatte i kyrkja!
Så deltar vi i gudstenesten søndag formiddag kl. 11.00. Foreldre og søsken er hjarteleg velkomne til å delta på denne gudstenesta!
Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.