Kyrkjeklubb på planleggingsdagen

Velkomen til ein dag fylt med aktivitetar, kreativitet og fellesskap! Barna mellom 5 og 12 år er velkommen til Gulen kyrkje den 31. januar 2025 kl.09.00 til 12.00

Kyrkjeklubb på planleggingsdagen

Dagen startar med ei felles samling. Deretter går me i gang med ulike aktivitetar, der ein kan velje det dei synest er mest spennande: Dokketeater, maskelaging, diadem og smykke verkstad, steinbilar (ta med ein eigen stein), matlaging Etter aktivitetane samlast me til lunsj. Etterpå blir det framsyning av dokketeateret.

Dette er ein perfekt måte å bruke fridagen på, med mykje moro, læring og gode opplevingar.

Du treng ikkje vere medlem eller døpt for å delta – alle er velkomne! Me legg til rette for at alle skal føle seg inkluderte og få ein kjekk dag saman,

Dette er òg ein flott moglegheit for fadrar til å vere med og dele gode opplevingar med fadderbarnet sitt.

Det er òg heilt fint å komme aleine.

Vår nye trusopplærar, Åse Haugen, har hovudansvaret for dagen, og me gler oss til å sjå deg! Har du spørsmål, er det berre å ta kontakt.

Program

08.45: Registrering

09.00: Samling 

09.30: Aktivitetar

11.00: Lunsj 

11.30: Samling

Send e-post til hk482@kyrkja.no

eller SMS til 976 44 169.

Påmelding 

Hugs å melde frå om spesielle behov, allergiar eller anna som kan vere nyttig for oss å vite. 

Foreldre/føresette/fadrar er hjarteleg velkomne til å vere med! 

Det er gratis å delta.

 

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"