Cubakveld i Gulen kyrkje 26. januar

På Cubakveld 26. kl.18.00  jan får vi høyra og sjå ferske inntrykk frå besøk til bispedømet sine venskapskyrkjelyder i Karibia.

Cubakveld i Gulen kyrkje 26. januar

Cubakveld i Gulen kyrkje: Ei reise til Cuba gjennom ord, bilete og musikk

Ingunn og Aslak Sognnes deler opplevingar og bilete frå turen til Cuba i fjor, ein tur arrangert av Bjørgvin bispedøme. Bispedømet har eit venskapssamarbeid med den lutherske kyrkja Iglesia Evangelica Unida (IEU) på Cuba. 

Jostein og Kirsten Ryland bidreg med song og musikk, og set ein fin tone for kvelden.

Det vert samla inn takkoffer til Cubaprosjektet, der pengane går til å støtte mat, hygieneartiklar, medisinsk utstyr og lønningar til kyrkjelege medarbeidarar på Cuba. Midlane blir formidla gjennom Normisjon, som har hatt eit langvarig samarbeid med IEU i meir enn 20 år.

Cubakvelden erstattar den vanlege gudstenesta denne søndagen, og avsluttast med kyrkjekaffi og hyggeleg prat i fellesskap.

Velkomen til ein inspirerande og innhaldsrik kveld!

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"