Leiarar i konfirmantarbeidet framover
Leiarane i konfirmantarbeidet framover er, som tidlegare, Maren Daae Eide, Eirik Halsnes og underteikna, Håkon Økland Kinsarvik.
Samlingar og høgdepunkt i vårsemesteret
Samlingane vil halde fram med å veksle mellom ulike stader i kommunen. Alle konfirmantane skal delta på minst åtte gudstenester totalt, og dei skal ha oppgåver på gudstenestene dei deltek i. I tillegg skal konfirmantane vere med på to andaktar på bu- og omsorgssenter rundt om i kommunen.
Leiren 2025
Konfirmantleir på Alværa, 14.–16. februar, saman med Solund og Masfjorden. Meir informasjon kjem når det nærmar seg.
Diakoni
I tillegg deltek konfirmantane i fasteaksjonen til Kirkens Nødhjelp rundt slutten av mars/byrjinga av april (meir informasjon kjem seinare). Tidspunkt blir annonsert av sokneråda. Til våren skal alle konfirmantane besøke bu- og omsorgssentera i kommunen minst to gonger. Dette vil skje i samband med andakt. Oppgåvene til konfirmantane kan vere alt frå å arrangere ein aktivitet, spele spel med dei som bur der, lage noko godt, eller prate med dei bebuande.
Foreldrehjelp
Vi er takksame for foreldrehjelp til følgjande:
- Matansvar på samlingane.
- Nattevakter under leiren, 14.–16. februar.
- Hjelp under fasteaksjonen (innsamling av midlar til Kirkens Nødhjelp).
- Samkøyring til Knarvik, 29. mars.
Tema på vårens samlingar
Konfirmantane vil få moglegheit til å reflektere over og lære meir om den kristne trua og kyrkja. Vi ser fram til eit innhaldsrikt vårsemester og håper at både konfirmantar og foreldre får gode opplevingar saman med oss.
På vegner av kyrkja ønskjer eg dykk hjarteleg velkomne til eit nytt år og ei god jul!
PLAN FOR GJENNOMFØRING AV KONFIRMASJONSTIDA I GULEN, BREKKE, OG MJØMNA SOKN
20. januar 2025 (måndag) kl. 18.00–21.00: Undervisning, Kommunehuset? 1
7. februar 2025 (fredag) kl. 19.00–22.00: Skjerjehamn
14.–16. februar 2025 (fredag–søndag): Konfirmantleir på Alværa saman med Solund og Masfjorden
10. mars 2025 (måndag) kl. 18.00–21.00: Undervisning, Dalsøyraskule 2
23. mars 2025 (søndag) kl. 11.00–14.30: Samtalegudsteneste Brekke kyrkje med konfirmantfest på bedehuset
29. mars 2025 (laurdag) kl. 09.30–19.00: Konfirmantfestival i Knarvik
6. april 2025 (søndag) utdeling av bøsse til fasteaksjonen
7. april 2025 (måndag) kl. 18.00–21.00: Undervisning, Byrknes bedehus 3
26. april 2025 (laurdag) kl. 11.00: Konfirmasjon i Mjømna kyrkje
3. mai 2025 (laurdag) kl. 11.00: Konfirmasjon i Gulen kyrkje
10. mai 2025 (laurdag) kl. 11.00: Konfirmasjon i Brekke
Tema på samlingane
- Kven stolar du på! Kven er Jesus Gruppe samtale om:
- Kvar går grensa? Øving samtalegudstenesta Gruppe samtale: Kva gir deg livskraft
- Kvifor døde og stod Jesus opp? Nattverd meir enn mat?
Struktur på samlingane:
18.00Velkommen og leik
18.30 Undervisning med gruppesamtale
19.00 Fri
19.10 Undervisning med gruppesamtale
20.00 Mat
20.15 leik
20.45 Liturgisk avslutning
21.00 Slutt
Besøke bu og omsorgssenter i kommune:
21. Januar Eivindvik bu- og omsorgsenter Kl.16.00 Trym, Elise
4. Februar Dalsøyra bu- og omsorgsenter kl. 16.00 Cassandra og Hannah
18. Februar Eivindvik bu- og omsorgsenter kl. 16.00 Simen og Tore
11. Mars Brekke bu- og omsorgsenter kl. 16.00 Lasse og Noah
8 April Dalsøyra bu- og omsorgsenter kl. 16.00 Cassandra og Hannah
22 April Eivindvik bu- og omsorgsenter kl. 16.00 Trym, Elise, Simen og Tore
6 mai Brekke bu- og omsorgsenter kl. 16.00 Lasse og Noah
Dei som er tilknytta Mjømna kyrkje får datoane seinare.
Oppgåver og ministrantar på gudstenesta:
12.01.2025 Gulen 11.00 Cassandra, Hannah og Elise
09.02.2025 Mjømna 11.00 Nora og Maiken
09.02.2025 Brekke 16.00 Lasse og Noah
16.03.2025 Gulen 11.00 Trym, Tore og Simen
23.03.2025 Brekke 11.00 Alle
Ministrant
Når ein er ministrant, brukar ein konfirmantkappa. Difor ønskjer vi at ein unngår å bruke hettegenser. Ein ministrant er ein person som har ei oppgåve i gudstenesta, ofte som medhjelpar for presten. Ein møter opp ca 30 min før gudstenesta.
Bering av lys og kors: Dei ber lys og kors i prosesjonar og under gudstenesta.
Hjelp under nattverden: Dei assisterer presten ved altaret.
Lesing og bøn: Dei kan lese forsamlinga si bøn eller andre delar av liturgien.
Teknisk støtte: Dei kan styre skjermane og teknisk utstyr under gudstenesta.
Ministrantrolla er ein viktig del av gudstenesta og bidrar til høgtid og orden.
Deltakinga i konfirmantopplegget er obligatorisk. Ved sjukdom eller andre alvorlege hindringar skal ein ta kontakt med Håkon Kinsarvik