Seremoni i kyrkja

Hareid sokn og Ulstein sokn har dei siste åra hatt eit årleg samhandlingsmøte saman med gravferdsbyråa i Hareid og Ulstein, for å gå igjennom rutinar i høve gravferdsseremoniar. Dette gjerast både for å for drøfte korleis vi jobbar og kva vi kan gjere betre, ha ein gjennomgang for nytilsette, og for å ivareta pålagt reglement.

Gravferdsseremoni i kyrkja. Foto: Hareid kyrkje

Hareid kyrkjelgege fellesråd og Ulstein kyrkjelege fellesråd har ansvar for gravferdsforvaltninga for alle som budde i Hareid kommune / Ulstein kommune ved dødstidspunktet, uavhengige av medlemskap i trussamfunn.

Gravferdsseremoni
Kirkemøtet har fastsatt alminnelege føresegn i høve gravferder (med hjemmel i kronprinsreg. Res.., jf. Grunnloven §16). Desse er vi forplikta til å forhalde oss til.

Gravferdshandlinga er fellesskapet si siste teneste for sine medlemmar. Når ein person er død, sørger dei som sto vedkomande nær, vanlegvis familien, for at den døde behandlast på verdig vis og får ei verdig gravferd. Her gjeld grunnleggande føresegn gitt i gravferdslova.

Når ein person, som er medlem i Den norske kyrkja, døyr, blir det etablert kontakt mellom tenestegjerande prest i kyrkjelyden og dei pårørande, så snart som mogleg etter dødsfall. Her er også både gravferdsbyråa og kyrkjekontora tidleg inne i prosessen. Gravferd skal skje seinast 10 dagar etter dødsfall (her medreknast ikkje laurdag/søndag og helligdagar), jf. Gravferdsloven §10 tredje ledd og §12. Det er kyrkjekontoret som fastsett tidspunkt for gravferd. Tysdagar og fredagar er faste dagar for gravferdsseremoni.

Gravferd etter kyrkja si ordning er ei kyrkjeleg handling av gudstenesteliknande karakter. I den liturgiske utforminga skal kyrkja si grunnleggjande kristne tru vere i fokus. Gjennom val av skriftlesingar, bøner, salmar og det som elles seiast og gjerast, skal alle som har ansvar for eller medverkar til gravferdshandlinga, bidra til at det bibelske bodskap kjem til uttrykk.


Blomstrar, kransepåleggingar og talar
I følgje regelverk for alminnelege føresegn i høve gravferder, skal utsmykning, symbol og kransepålegging tilpassast handlinga si gudstenesteliknande karakter og ein bør tilstrebe nøkternheit i bruk av blomstrar, kransar og liknande. Tale ved eventuell kransepålegging må ikkje finne stad utan at den som sørgjer for gravferda (pårørande), har gitt samtykke til dette. Det bør leggast til rette for medverknad frå dei pårørande.

Under kranspålegginga i seremonien i Hareid og Ulstein kan alle som vil seie noko i gravferda, sjølve få gjere – under føresetnad av at dette er klarert med den som sørgjer for gravferda (pårørande) i god tid på førehand. Dette må altså ikkje kome opp som ei henvending i kyrkja same dag som seremonien, men i dagane på førehand i respekt for dei pårørande. Ved behov kan gravferdsbyrå eller prest hjelpe dei aller nærmaste/pårørande med å lese opp helsingar/kransar ved kranspålegginga.

Alle blomsterhelsingane som kjem til kyrkja i ei gravferd, vil dei pårørande både få kunne lese sjølv før seremonien startar, og få med alle skrivne helsingar. Byråa har også tilbod om minnealbum slik at dei pårørande i ro og fred kan sjå og lese helsingane i etterkant av gravferda. Vi har fått tilbakemeldingar på at opplesing av massevis av namn kan opplevast problematisk, oppramsande og massivt for pårørande. Dei som ønskjer at ei blomehelsing skal lesast opp, har høve til å gjere det sjølv – MEN først etter å ha avtalt dette med den som sørgjer for gravferda (pårørande) i god tid på førehand (ref. ikkje same dag). På denne måten har alle høve til å lese opp helsingar under seremonien, dersom ønskjeleg. Prest eller gravferdsbyrå skal ikkje lese desse helsingane.
Det oppmodast til å velje minnegåve, då vil pengar gå til eit godt formål som kjem andre til gode.

Salmar og songar
Salmar og songar skal godkjennast på førehand av den som skal forrette (prest). Alt musikkstoff som skal brukast, skal på førehand godkjennast av kantor/organist. For å gjere det mogleg å finne fram song og musikk som er best mogleg eigna, bør kontakt med dei pårørande opprettast så snart som mogleg. Dersom solist/musikkinnslag er ønskjeleg må dette godkjennast på førehand med prest og kantor/organist.

Jordpåkasting ved gravferd
Jordpåkasting finn stad ved grava. Liturgen kan unntaksvis når ytre forhold tilseier det, beslutte at det skal skje inne i kyrkje/kapell. Til dømes ved ekstremver. Som hovudregel skal kista senkast heilt ned før jordpåkasting.

Kyrkjeklokkene
Det klemtast med kyrkjeklokkene medan følgjet går til grava, og ved handlinga sin slutt blir det slått 3 ganger 3 slag.

 

Med helsing

Hareid sokn
Sokneprest Lars Hartig-Tangedal
Kyrkjeverje Bente Andreassen Pilskog
Kantor/organist Ida Teige

Ulstein sokn
Sokneprest Margit Lovise Holte
Kyrkjeverje Christfried Kaul
(nytilsatt kantor/organist 01.08.2023)

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"