Kultur og musikk
Kultur med kunst og musikk har til alle tider gitt form til kyrkja sitt bodskap og gjerne formidla det som ord ikkje har makta å forklare eller uttrykke. Kyrkjemusikalsk utval arbeider mellom anna her med korarbeid i kyrkjelyden og planlegging av konsertar.



I løpet av året vert det arrangert ein del konsertar og musikkandakter av ulikt slag i kyrkja vår.
Salmekveldar har vore faste innslag der vi har fått blitt kjend med nye og gamle salmar frå den nye salmeboka. I kalenderen nedanfor finn ein oversikt over dei tilboda som er framover.