Kontakt oss gjerne:
Kyrkjekontoret: 70095130
Epost: kyrkjekontoret@hareid.kommune.no
Vi prøver så godt vi kan å nå ut i ulike kanaler med informasjon om våre arrangement og vårt samfunnsviktige arbeid. Det er viktig for oss å vere synleg på ein god å verdig måte.
Om oss
Vi har ei kyrkje og ein gravplass, og ein aktiv kyrkjelyd der kyrkja er rotfesta i folket. Den flotte kvite trekyrkja vår vart vigsla som kyrkje i 1877 og er eit kjært signalbygg i bygda vår. Vi vil vere ei opa og inkluderande folkekyrkje. Vi ynskjer at alle skal finne sin plass, enten dei er unge eller gamle. Saman kan vi bygge steg for steg, skape gode møteplassar for alle situasjonar i livet - med mål om å gi retning på trusvegen for folk.
Hareid sokn er kjend for sitt store populære trusopplæringsarbeid, med aktivitetar for barn i alderen 0 til 18 år. Mange av aktivitetane skjer i kyrkja som er i bruk nesten kvar einaste dag gjennom heile året.
Hausten 2019 fekk soknet eiga kyrkjelydshus, som ligg sentralt plassert midt mellom kyrkjekontoret og kyrkja. Huset brukast aktivt i høve ulike aktivitetar og til utleige. Hausten 2021 startar arbeidet med tilbygg for kyrkjekontor på kyrkjelydshuset, slik at alt blir samla under eit tak.
Hareid er ein ett-sokns-kommune som vil sei at soknerådet også har fellesrådsfunksjonar, og at det er dei same fokevalde som sitt i begge råda, med kommunal representant i tillegg i fellesrådssaker. Hareid sokn har 5 fulltidstilsette og 2 i deltidsstilling. Ein av dei fulltidstilsette er dagleg leiar i Hareid frivilligsentral, som soknet eig og driv. I tillegg til dei tilsette er mange personar frivillig engasjert i alle aktivitetane som skjer i soknet.