Gjennom aksjonen “Saman som kyrkje i heile verda” (13. mai-23. juni) er Hareid kyrkjelyd med på å støtte søsterkyrkjer som er hardt råka av korona-pandemien. Når kyrkjer og hjelpeorganisasjonar har fått ekstra store diakonale oppgåver i møte med koronakrisa, er mange prosjekt blitt sett på vent, og pengar omprioritert til hjelpetiltak.
Kyrkjelyden i Hareid har gjennom misjonsutvalet inngått ein 4-årig misjonsavtale i Thailand via NMS, der midlane som blir samla inn går til arbeid med barn og utdanning i Thailand. Avtalen er å samle inn minimum kr 40.000 per år. Misjonsutvalet tilrettelegg ulike prosjekt og aktivitetar gjennom året der innsamla midlar går til misjonsprosjektet vårt i Thailand. Bli med å støtt når vi har arrangement og aktivitetar til inntekt for dette, og bidra saman som kyrkje i heile verda.
No i korona-situasjonen har Møre biskop og bispedømeråd utfordra kyrkjelydane i Møre bispedømme til misjonssolidaritet! Aksjonen er landsdekkande. Initiativet til denne aksjonen kjem frå ulike bispedøme i Noreg, i samarbeid med dei sju organisasjonane som er med i SMM – Samarbeid menighet og misjon. Sjå kirken.no/SMM
Soknet vil i denne aksjonsperioden promotere både prosjektet og misjonsavtalen vår ytterlegare, for å bidra i denne sårbare pandemitida.
Leiar i misjonsutvalet, Jahn Kjell Fjørtoft, seier at vi i dei siste åra har samla inn følgande til kyrkjelyden sitt misjonsprosjekt i Thailand:
2018: Litt over kr 77.000 (inkl. faste givarar direkte til NMS).
2019: Litt over kr 49.000 (faste givarar direkte til NMS - kjem i tillegg).
2020: Litt over kr 63.000 (inkl faste givarar direkte til NMS) då var Holesanden og Middag & misjon avlyst. Blei innsamling via loddbøker, offer og kyrkjekaffi, samt nokre store enkeltgåver.
Vi fortsett arbeidet vårt i Thailand - Saman som kyrkje i heile verda!