Helgemesse 4.-7. november - Hareid

Allehelgen – eller Helgemesse, markerast første helg i november. Tida er for mange ei helg der namn på nokon av våre kjære vibrerer i tanke og kropp litt ekstra. Mange tenner lys, om det er på kyrkjegarden eller andre stader. Gjennom ord og tonar minner vi kvarandre på den endelege adressa for våre liv, og om den trøysta vi kan støtte oss på undervegs når vi må leve med at mykje smuldrar for oss i dette livet.

Helgemesse 4.-7. november - Hareid

Hareid kyrkje blir ope denne helga i etterkant av minnegudstenesta laurdag og i etterkant av helgemesse søndag, slik at ein kan gå inn i ei varm kyrkje for lystenning, stille, bøn, sakn, håp, alle følelsar som vi måtte ha – eller samtale om ein ønskjer det. Diakoniutvalet er tilstades i kyrkja.

Temakveld 5/11 kl. 18.00, kyrkjelydshuset:
Fredag kveld kl 18 inviterer Diakoniutvalet til temakveld med diakon Sigmund Ruud, «Når livet brister, finnes det en kjærlig Gud?». Det blir ei innleiing og muligheit for samtale kring kaffikoppen. Gratis, ope for alle.

Nattkafe for ungdom 5/11 kl. 20.00-23.00, kyrkjelydshuset:
Etter temakvelden, blir det Nattkafe på kyrkjelydshuset, frå ungdomsskulealder og oppover. Gratis pizza sponsa av Sparebanken Møre, og sal frå kiosk og vi kan tenne lys. Aktivitetar som bordtennis, airhockey, fotballspel, brettspel, musikk og quiz.
Ta med venane dine og kom!

Minnegudsteneste 6/11 kl. 16.00, kyrkja:
Laurdag ettermiddag kl. 16.00 inviterer vi til gudsteneste i kyrkja, særskilt for dei som har mist familiemedlem siste året. Medvirkande er Vibeke Holstad, Halvard Grimstad, Lidvar Grimstad og Lars Hartig-Tangedal. Enkel kyrkjekaffi. Mange besøkjer gravene og tenner lys i denne tida, difor er kyrkja ope utover kvelden til kl 18.30, slik at ein kan gå inn i ei varm kyrkje for stille eller tenne lys.

Helgemesse 7/11 kl. 11.00, kyrkja:
Søndag 7. november inviterer vi som vanleg til gudsteneste i kyrkja. Medverkande er Hareid blandakor, Ida Teige og Lars Hartig-Tangedal. Kyrkja vert opa for stille og lystenning ut over ettermiddagen til kl 16.00.

Stille konsert 7/11 kl. 19.00, kyrkja:
Som avslutning på Allehelgensveka blir det «Stille konsert» med Hjørungavåg Brass søndag kveld. Ein lun og stemningsfull konsert som ein kan varme seg på. Gratis og ope for alle.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"