I ei tid der mange kan kjenne på einsemd og usikkerheit, er det arbeidet som kyrkja gjer ekstra viktig. Vi gjennomfører våre aktiviteter som planlagt, men det er viktig med godt smittevern i tråd med anbefalingar og reglar som gjeld nasjonalt, regionalt og lokalt.
Vi oppmodar framleis til generelle smittevernråd:
• Gode rutinar for handvask, eller sprit henda
• Host/nys i albogen/lommetørkle
• Hald deg heime dersom du er sjuk, og følg helsemyndighetenes råd for testing
Vi har handsprit tilgjengeleg ved inngangar både i kyrkje og kyrkjelydshus.
Sjå eventuelt heimesida til Hareid kommune: https://www.hareid.kommune.no/aktuelt/30-november-rad-om-a-nytte-munnbind-og-andre-tiltak.130425.aspx