Vil du døypast?
Er du ein av dei som gjerne skulle blitt døypt eller ønskja at borna dine skulle døypast, men så blei det ikkje slik? For den som ikkje blei døypt som barn, kan vegen til døypefonten virke lang.
Vi ønskjer difor å gjere det enkelt å bli døypt, enten du er ung eller gamal. Laurdag 11. desember blir Hareid kyrkje opa for drop in-dåp. Det betyr at man kan kome som man er for å blir døypt, utan avtale. Du treng to faddere og legitimasjon, elles ingen førebungar. Dei som vil kontakte oss på førehand, eller har spørsmål, må gjerne ta kontakt med kyrkjekontoret.
Dåp i Den norske kyrkja er ikkje avhengig av alder, men at den som skal døypast ønskjer å vere ein del av den kristne kyrkja.
Faddere:
Den som vert døypt, må ha minst to fadrar. Fadrane må ha fylt 15 år og vere medlem av Den norske kyrkje, eller eit anna kyrkjesamfunn som ikkje forkastar barnedåp. Foreldra kan ikkje vere fadrar.
Kontaktinformasjon kyrkjekontoret:
Tlf 70095130
Epost: kyrkjekontoret@hareid.kommune.no