Sjå program - Fastetida i Hareid kyrkje 2018

Tre dager etter fastelavnssøndag kjem oskeonsdag (14/2), den fyrste dagen i fastetida. Fastetida er eit godt høve til å fordjupe seg i bibelen, eller kanskje oppsøkje ro og stillhet for å kome inn på bølgelengda der du fornemmer Guds stemme.

Hareid kyrkje i soloppgang. Foto: Stig Hole

Fastetida kan bestå i å avstå frå mat og andre ting, men hovudfokus er å ha merksemd på Gud. Ein kan knyte bibellesinga saman med bøn, Fadervår og stille. Fastetida i år er mellom 14. februar og 25. mars.

Hareid kyrkje inviterer til samlingar kvar onsdag i fastetida, i tillegg til vanlige gudstenester. Innhaldet er variert, og vi vonar her er noko for ein kvar smak.

Program:
Onsdag 14.februar kl.19.30
Oskeonsdagsgudsteneste Kjell Roger Isene, Ida Teige og Hareid blandakor. Nattverd

Onsdag 21.februar kl.19.30
Tidebønkveld med nonnene i Nordal, med orientering om arbeidet deira.

Onsdag 28.februar kl.19.30
Konsert med Venche Leite og Geir Helge Ådneram. Bill kr.200,- i døra. Barn u/12 år gratis.

Onsdag 07.mars kl.19.30
Salmekveld med bl.a.Cervix Vokalis frå Herøy. Vi syng fastesalmar mm.

Onsdag 14.mars kl.19.30
Solidaritetsgudsteneste med konfirmantar, Leidulv Ø.Grimstad, Erhard Hermansen frå Kirkens Nødhjelp, Hareid Ten-Sing m.fl.

Onsdag 21.mars kl.19.30
Påskevandring for ungdom/vaksne

Gudstenester kvar søndag kl.11.00. Søndag 04.mars vert på Hjørungavåg bedehus, dei andre i kyrkja.

Fastetema “SJÅ JESUS”
Fastetida innbyr oss til å lata trua festa seg djupare i oss. Det skjer ikkje først og fremst med å sjå på eiga kraft eller prestasjonar, men ved å festa blikket på Gud. Gjennom bøn, lesing og stille kan vi invitere Gud til å fylla oss med sin Ande og gje oss kraft og rettleiing.
- Hos Gud finst det vi leitar etter og treng: Kjærleik, glede, fred, tolmod, mildskap, godleik og truskap, audmjukskap og sjølvdisiplin (Gal 5, 22-24). Dette er kjenneteikn ved Gud som han ynskjer å gje til oss. Berre av nåde kan vi ta imot Guds velsigningar. Sett av tid desse vekene til å grunna over det Gud gjev til deg. Du får mogelegheit å sjå Jesus på nytt.

Korleis faste?
- Fastetida kan vere ei tid for å gjera meir av noko og mindre av noko anna. Ein kan gjere noko saman med vener, familie, born eller barnebarn; gje pengar til gode føremål, spesielt Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon, inviter nokon på middag, be for spesielle personar og mykje anna. Ver kreativ! Ein kan skjera ned på det som tar vårt fokus på det viktigaste; mat, TV, nettet, facebook, aviser. Teksten i kyrkja i fastetida er : Oskeonsdag: Matt 12,38-42, 1. søn. i faste: Matt 16,21-23, 2. søn. i faste: Lik 7,36-50, 3. søn. i faste: Mars 9,17-29, 4. søn. i faste: Joh 3,11-16. Andre tips: https://kirken.no/nb-NO/kristen-tro/kirkearet/fastetiden/slik-kan-vi-faste/

Forslag til andaktstund
• Les bibelteksten
• Bøn
• Fadervår:
• Velsigning:

For alle som står meg nær, for alle eg tenkjer på, for dei og for meg sjølv ber eg: Velsign oss Gud Fader. Velsign oss, Guds Son. Velsign oss, Guds Heilage Ande. Amen.

Til ettertanke: På kva for område skapar trua forandring i mitt liv?

Du er vel møtt til feiring av fastetida i Hareid kyrkje 2018!
(Nedenfor kan du laste ned fasteprogrammet)

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"