Fastetida 2025

Hareid kyrkje inviterer til samlingar kvar onsdag i fastetida, i tillegg til vanlige gudstenester. Innhaldet er variert, og vi vonar her er noko for ein kvar smak.

Fastelysa i Hareid kyrkje. Foto: Hareid sokn

Velkomne til samlingar med ettertanke:

Onsdag 05.mars kl.19.30
Oskeonsdagsgudsteneste v/Lars Hartig-Tangedal, Ida Teige, Bente Liavåg for Kirkens SOS, Kor samansett av staben og soknerådsmedlemar

Onsdag 12.mars kl.19.30
«Kveldstankar i fastetida» med Leiv Arne Grimstad og Grimstadkoret

Onsdag 19.mars kl.19:30
«Instrumentale kveldstonar» med tekstlesing og musikk; Karsten Robert Kirkebø, Ragnar Øvrebøe, Åsmund Lunde, Michelle Øhman

Onsdag 26.mars kl.19.30
«….i Andreas sine fotefar…» med bl.a.Odd Goksøyr, Ronald Øvrelid. Tekstar av Andreas Bjåstad er kveldens hovedfokus 

Onsdag 02.april kl.19.30
Gospelkveld med Ten-Sing, konfirmantane, Sofie, Hanna og Anton Tonev

Onsdag 09.april kl.19.30
Påskevandring for ungdom/vaksne. Barbro Landmark, Ida Teige, songinnslag og tekstlesing

Gudstenester kvar søndag kl.11.00
Søndag 9.mars vert gudstenesta på Hjørungavåg bedehus, Hjørungavåg skulekorps og barnekantoriet blir med.



I tidlegare tider vart bodet om å faste – det vil seie å avstå frå mat og drikke – teke bokstaveleg. Heilt fram til 1800-talet fylgde mange fastetradisjonar her i landet. I vår tid er fastetida helst ei tid for stillheit og meditasjon, som førebuing til påskehøgtida

Sjå kvarandre 
Biskop emeritus Per Arne Dahl har i ei refleksjon rundt fastetida fokusert på at vi flyttar merksemda frå oss sjølve til kvarandre. At ikkje faste primært handlar om at vi som har det brukbart skal få det endå betre, men at vi meir enn før evnar å møte kvarandre si sårbarheit og smertelege livssituasjon. Livskvalitet handlar ikkje om å vere seg sjølve nok, men om å vere noko for andre.

Sjå den såra Gud 
Vi er alle sårbare og vert merka av livet. Difor treng vi å dele det med nokon; "Del sorgi halv. Del gleda dobbel" som det heiter i eit ordtak frå Telemark. Slik blir faste óg å rette blikket mot påskens mysterium: Gud er ein Gud med sårmerker – som vedkjenner seg oss i vår skrøpelegheit.

Sjå skaparverket 
Fastetida er óg å feste blikket på den sårbare kloden vår. Vi veit vi djupast sett ikkje har noko val om vi vil overleve. Verda har ikkje ressursar nok for grådigheita vår, men nok til å dekke alle sine behov om vi deler. 'Måtehald til livets pris', taler biskop Dahl om. Eit 'nei' kan slik bli eit 'ja' – mindre kan bli meir. Har vi råd til å gå glipp av dette?

God faste!

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"