Det er med stor glede og entusiasme vi inviterer deg til ein dagstur i særklasse! Ishavsmuseet og soknet samarbeider om denne dagen og turen går frå Hareid til Hjørundfjorden.
Gudsteneste kl. 12.00 «under Slogen» og varm lunsj i etterkant. Dersom veret og anna tillett det, går vi ein tur til Bjørke før vi returnerer til Hareid. Turen er open for alle som kan tenke seg å vere med. Alle må syte for å ha med kle til ulike verforhold, barn under 10 år bør ha på eigen
flytevest under fart.
Dei første 25 som melder seg er sikra plass! (Dette er eit minimum for at turen vert gjennomført).
Gudstenesta ved foten av Slogen er ved Lars Hartig-Tangedal og Ida Teige. Den vert også streama via kyrkja si facebookside.
TIDSPUNKT:
Dato: 26. mai 2022 - Kristi Himmelfartsdag
Avgang frå Ishavsmuseet i Brandal: Kl. 09.00
Retur, er tilbake på Brandal: ca. kl. 18:00
PÅMELDING:
Maks 50 plassar,
Påmelding seinast 20. mai
SMS til 92 09 01 74
PRIS:
Kr.1200,- uavhengig av alder eller vekt.
VIPPS eller kort ved avgang.
Makspris for familie med 3 barn eller meir; kr.4800,-
Pris inkluderer båttur, varmlunsj, kaffi, kake, gudsteneste, fellesskap.