Gudstenestar Julaftan kl 13.00, 14.30 og 16.00 - HUGS PÅMELDING
Grunna restriksjonar kan det vere maks 50 deltakarar i kyrkja, og difor har vi ein ekstra gudsteneste på julaftan. Altso frå to til tre gudstenester. Det er påmelding. Nokre er fullteikna, MEN det kan plutselig bli ledig av ein eller anna grunn. Vi lagar difor venteliste på inntil 12 personar, så ver ikkje redd for å meld på/ta kontakt. SMS 92090174. Gudstenestane blir streama på Facebook og til TV-kanal Hadartun.
Kl. 12.00: HADARTUN: Andakt på Hadartun med Lars Hartig-Tangedal og Lidvar Grimstad.
Kl. 13.00: Gudsteneste ved Barbro Landmark, Ida Teige, Kristin Leirbekk Husøy, Sofie Tonev.
Kl. 14.30: Gudsteneste ved Lars Hartig-Tangedal, Ida Teige, Sissel Anita Riise, Barnekantoriet, Emily Bigset og Vibeke Rafteseth.
Kl. 16.00: Gudsteneste ved Lars Hartig-Tangedal, Ida Teige, Lovise Yri, Kristin Liavåg Karstensen og Siv Helen Olsen.
Gudstenesta 1. juledag kl 11.00 - HUGS PÅMELDING
Vi ynskjer velkomen til gudsteneste i kyrkja, og på nett, 1.juledag! Gudstenesta er ved sokneprest Lars Hartig-Tangedal, Ida Teige, blåsarar frå Melshorn, og Ole Martin Øyehol vil synge. Meld på via SMS til 92 09 01 74, med namn og antal du kjem saman med. Vi kan ha maks 50 i kyrkja. Gudstenesta blir streama på Facebook og til TV-kanal Hadartun.
Kveldsgudsteneste nyttårsafta - HUGS PÅMELDING
Velmøtt til kveldsmesse nyttårsafta. Dette blir ei fellesgudsteneste for Hareid og Ulstein. Vi går inn i det nye året ilag med Margit Lovise Holte, Ida Teige og songsolist Liv Ellen Overå. Påmelding via SMS til 92 09 01 74 og meld namn og antal i kohort. Vi kan ha maks 50 i kyrkja. Gudstenesta blir streama på Facebook og til TV-kanal Hadartun.
PS: Første gudsteneste Hareid kyrkje i 2022 er søndag 9. januar (det er ikkje gudsteneste i Hareid kyrkje 2. januar)
Smittevernsreglane:
- Vi kan vere maks 50 personar i kyrkja på arrangement som gudsteneste, konsert, gravferd osv. Tilsette med ei aktiv rolle, profesjonelle aktørar og enkelte frivillige aktive kjem i tillegg.
- Alle som tek del i eit arrangement får tilvist ein fast plass og vi må føre liste over alle som er tilstades med registrering på plassen dei fekk tilvist.
- Når du ikkje sitt på den tilviste plassen treng du å bruke munnbind som vi ber at du tek med sjølv.
Unngå minglesituasjonar i kyrkjerommet - dette må skje utandørs. - Vi oppfordrer til god handhygjene.
- Ved symptom på forkjøling ber vi deg om ikkje å kome til kyrkja