Vi ynskjer å ta i bruk heile huset denne dagen og fylle det med ulikt innhald. I første etg.vil du kunne finne ulike produkt å kjøpe med deg; Leiv Arne Grimstad sel den nye boka si, fine kort og strikkaprodukt kan du kjøpe. Ja, kanskje kan du starte på årets julegåvehandel her?
I andre etg.vil det vere kafeteria og tombola i heile opningstida.
Kl.14:00 vil dei yngste songfuglane glede oss med song og sjarme! Småbarnssongen og Barnekantoriet vil ha kvar si avdeling og vi vil selge 2 omgangar med årar.
Kl.16:00 vil dei eldste songfuglane glede oss med nydeleg mannskorssong! Då kjem Grimstadkoret og syng for oss i to avdelingar. Leiv Arne Grimstad vil lese frå den siste boka si.
Det er like før spada vert sett i jorda for nytt kyrkjekontor og denne dagen vil du få nermare innsyn i desse planane.
Bedrifter i Hareid har sponsa oss med flott gevinstar til utlodning.
Hjarteleg velkomne!