Arrangementet er gratis og ope for alle, og følger gjeldande smittevernreglar.
"Kviletid" kvar søndag kveld i Hareid kyrkje - fram til påske
Undervisningsutvalet har lagt opp til samlingar i kyrkja kvar søndag kveld kl 19.00, nesten fram til påske, med oppstart søndag 16. januar (siste er 3. april). Her vil ein få kome inn i ei varm og lun kyrkje, site stille og lytte. Lindis Eliassen, Oddvar Haugen, Marit Øien Sæverud, Leiv Arne Grimstad og Bjørg Vartdal Hareide vil lese kvar sin søndag kveld. Det vil også vere song/musikkinnslag og lystenning, om du vil. Første søndag vil det verte lest frå Lukas evangeliet.