Hareid sokn er aktivt med i høve den første marknaden i den nye Miljøgata, med tombolakafe i bakhagen til kyrkjelydshuset.
Soknet er så heldig å ha ein fin bakhage til kyrkjelydshuset, der vi kan lage til ulike arrangement og treffpunkt.
Laurdag 17. juli kl 12 blir det tombolakafe, der det blir sal av kaffi og vafler i bakhagen. Her kan du slå av ein prat med godtfolk og kanskje prøve vinnarlukka i tombolaen?
Hjerteleg velkomen!
Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.