Tre søkjarar på stilling som sokneprest i Hareid

Det har meldt seg tre søkjarar til den ledige stillinga som sokneprest i Hareid. Tilsettinga skjer i Møre bispedømeråd sitt møte 8. februar. Leidulv Ø. Grimstad er sokneprest fram til sommaren, og planen er at den som blir tilsett skal begynne på seinsommaren.

Publisert:

Tre søkjarar på stilling som sokneprest i Hareid

Vår sokneprest gjennom dei siste tre åra, Leidulv Ø. Grimstad, har valt å gå av med pensjon frå sommaren 2019. Grimstad har vore sokneprest i Hareid i 3 år, og vel å gå av med pensjon då han passerer aldersgrensa og blir 68 år i mars.

3 søkjarar
Det er svært gledeleg at det er tre søkjarar til soknepreststillinga i Hareid, spesielt når vi veit at det mange plassar i landet står ledige stillingar, der det ikkje er søkjarar i det heile tatt. Den nye soknepresten som kjem hit får møte, bu og preike med mange flotte mennesker i ein aktiv kyrkjelyd som bidreg og tek del på dei mange aktivitetane våre.

Det er Møre bispedøme som har ansvar for tilsetting av sokneprest, men soknerådet i Hareid får uttale seg og ein representant frå soknerådet skal vere med når kandidatane skal intervjuast.

Tilsettinga skjer i Møre bispedømeråd sitt møte 8. februar. Leidulv Ø. Grimstad blir altså verande som sokneprest til sommaren, og planen er at den som blir tilsett skal begynne i stillinga på seinsommaren. 
Hareid sokn ser fram til å ta imot den nye soknepresten når den tid kjem.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Jostein Bildøy, kyrkjeverje 

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"