Frå 16. juni blir det mogleg å få ei uformell omvising på Hareid mellomalderkyrkjegard, kyrkja og prestestova kvar onsdag kl 16-18. Vi er så heldig å ha mange frivillige som stiller som guidar og medhjelparar og som gjerne tek deg imot for ei omvisning i kyrkja og prestestova m/bautasteinen om ønskjeleg, eller serverer ein kaffikopp. Du kan også kome til kyrkja for å tenne lys, sitte ned, lese eller be. Kyrkja er ein varm og rolig stad å tilbringe ei ettermiddagsstund. Alle er velkomne!
F.o.m. onsdag 16. juni og t.o.m. onsdag 11. august (ikkje 23/6 st.hans).
Onsdag 28. juli blir det litt annerleis opplegg, der Olav Egge Brandal vil spele og det blir tekstlesing v/Marit Øien Sæverud - ein slags minikonsert.
Det er mange kulturskattar i Hareid kyrkje og ute på kyrkjegarden som delvis ligg på mellomaldergrunn og har mykje historie med seg. Her kan nemnast altertavle frå 1600-talet og bautastein på kyrkjegarden som ikkje kan årstalfestast, samt prestestove som truleg er det eldste huset i Hareid kommune. Den har blitt flytta på og står no der den gamle stavkyrkja ein gong har stått.
Omvisinga med opa kyrkje er del av eit interkommunalt reiselivsprosjekt. Hareid kyrkje er difor med på nettsida www.hivens.no der du kan finne opplevingar på Sunnmøre som ein bør få med seg.
Vel møtt!
Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.