Pensjonert sokneprest i Hareid, Leidulv Ø. Grimstad, går no igjennom desse gamle bøkene saman med Finn Sindre Eliassen, som har jobba 35 år ved Ålesund bibliotek, og som også er engasjert i historielaget.
Dei kan fortelle at Hareid sitt første "bibliotek" vart etablert i 1833 og holdt til i den gamle middelalderkyrkja, ei "åttekant-kyrkje" bygd i 1807. Denne kyrkja tok til å sige av lage, og med 33 mot 7 røyster vart det vedteke å rive og bygge nytt. Når dagens kyrkje sto ferdig og vigsla i 1877, vart boksamlinga reetablert i kyrkja, etter ei tid der bøkene hadde vore oppbevart i prestestova. Etter omlag 50 år, i 1928, blei boksamlinga flytta frå Hareid kyrkje til Indre Hareid. Det nye biblioteket låg ved sida av Johanbutikken. Det var tidlegare kornlager før det blei kommunehus.
Takka vere Ingolf Hareid, lærar, skulestyrar, klokkar, referent i kommunestyret og formann i Indremisjonen i ei årrekke, som gjorde ein kjempeinnsats i å sortere og ordne samlinga med bøker - kan vi difor no finne desse bøkene.
Den gamlaste boka er frå 1793 og omhandla dyresjukdommar, den nest eldste frå 1808 er Jesu lidingshistorie. Dei religiøse bøkene er for det meste huspostillar, andaktsbøker og ein del lutherske skrifter. Nesten samtlege bøker er skrivne med gotisk skrift. Dette kan vere ein mogleg teori for at desse bøkene ikkje fulgte med på lasset til "neste post" når biblioteket forlot Hareid kyrkje.
Vi skriv 2021 - og Hareid sitt biblioteket får nok ein gong ny lokasjon, i det nybygde helsehuset i sentrum av Hareid. Etter ein tur innom Nasjonalbiblioteket for ein sjekk, vil det kanskje bli mogleg å sjå nokre av desse gamle historiske bøkene i det nye biblioteket - der ny tid kan møte den gamle?
Oppdaga ein skatt i kyrkjetårnet
Ved ei gudfeldigheit blei det her om dagen funne 5 kassar med gamle bøker oppi kyrkjetårnet. Det viser seg at det rett og slett er eit unikt funn, med bøker frå det aller første "biblioteket" i Hareid.