Er du vår nye kontormedarbeidar?

Då vår kontormedarbeidar gjennom mange år har gått av med pensjon, lyser vi ut stilling som kontormedarbeidar ved vårt kyrkjekontor på Hareid. Dette er ei 50 % fast stilling. Vi ønskjer snarleg tiltreding. Søknadsfrist: 16. september 2024

Er du vår nye kontormedarbeidar?

Dei daglege oppgåvene på eit kyrkjekontor er mange og varierte. Vanlege oppgåver kan vere registrering av kyrkjelege handlingar og statistikk, fakturering og bilagsføring, utleige og tilsyn kyrkjelydshus, innkjøp av materiell, dagleg kontakt med publikum og frivillige medarbeidarar, svare på telefon og e-post med meir. Må ha evne til å ha «mange baller i lufta». Kontormedarbeidaren er ein nøkkelperson på kyrkjekontoret og har kyrkjeverja som sin næraste overordna.

Vi tilbyr:

·         Samarbeid med kollegaer i eit godt og kreativt arbeidsmiljø

·         Å vere ein del av ein aktiv kyrkjelyd med mange engasjerte frivillige

·         Nybygd, lyse og moderne kontorlokaler

·         Løn etter gjeldande tariff

·         Pensjonsordning i KLP

Kvalifikasjonar:

·         Gode kunnskapar og ferdigheiter innan data, relevant utdanning og/eller erfaring, samt god munnleg og skriftleg kommunikasjon  

·         Søkjar må vere medlem av Den norske kyrkja og arbeide etter kyrkja sitt trus- og verdigrunnlag

·         Den som vert tilsett er underlagt teieplikt

·         Interesse og erfaring frå bruk av sosiale media og andre kommunikasjonskanalar

·         Må beherske norsk skriftleg og munnleg

Personleg eigenskapar:

·         Venleg og imøtekomande

·         Ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner

·         Ha evne til å arbeide sjølvstending og strukturert

·         Personlege eigenskapar vert vektlagt

·         Dersom søkjaren i tillegg har anna kompetanse som kan vere relevant for arbeid i kyrkjelyden er søkjaren velkomen til å omtale dette i søknaden

Nærare opplysningar får du ved å kontakte kyrkjeverje Bente Andreassen Pilskog tlf. 97612086.

Aktuelle søkjarar vil verte kalla inn til intervju.
Søknad med CV, og referansar sendast til
kyrkjeverja@hareid.kommune.no                                                  

Attestar og vitnemål må takast med til eit eventuelt intervju. Det vert krevd politiattest av ny dato ved tilsetting.

Ønskjeleg tiltreding: Snarast

 

Klikk her for å bli litt betre kjent med vårt arbeid - Årsmelding Hareid sokn 2023

 

Faktaboks:

Hareid sokn ligg i Hareid kommune på øya Hareidlandet. Vi har ei kyrkje og ein gravplass, og er ein aktiv kyrkjelyd der kyrkja er rotfesta i folket. Den verneverdige trekyrkja vår vart vigsla som kyrkje i 1877 og er eit kjært signalbygg i bygda vår.


Hareid kyrkjelyd har 3748 medlemmer (pr. 31.12.23), og har tilsett sokneprest, kantor/organist, to kyrkjelydspedagogar (70% og 80%), kontormedarbeidar (50 %), kyrkjetenar, og kyrkjeverje/dagleg leiar. Vi har nye, lyse kontorlokaler, knytt til kyrkjelydshuset i sentrum av Hareid.

Vi ønskjer å vere ei opa og inkluderande folkekyrkje. Vi ynskjer at alle skal finne sin plass, enten dei er unge eller gamle. Saman kan vi bygge steg for steg, skape gode møteplassar for alle situasjonar i livet - med mål om å gi retning på trusvegen for folk. Hareid sokn er kjend for sitt omfattande trusopplæringsarbeid, med aktivitetar for barn i alderen 0 til 18 år. Mange av aktivitetane skjer i kyrkja som er i bruk nesten kvar einaste dag gjennom heile året.

Hausten 2019 overtok soknet bedehuset til kyrkjelydshus, sentralt plassert i sentrum av Hareid og like ved kyrkja. Huset brukast aktivt i høve ulike aktivitetar og til utleige, og ikkje minst skapast det ulike møteplassar her. Og i november 2022 flytta vi inn i heilt nytt tilbygg for kyrkjekontor, så no er både kyrkjekontor, kyrkjelydshus og frivilligsentralen vår under same tak. Hareid er ein ett-sokns-kommune som vil sei at soknerådet også har fellesrådsfunksjonar, og at det er dei same fokevalde som sitt i begge råda, med kommunal representant i tillegg i fellesrådssaker. Hareid sokn har 7 tilsette. Ein av dei fulltidstilsette er dagleg leiar i Hareid frivilligsentral, som soknet eig og driv. I tillegg til dei tilsette er mange personar frivillig engasjert i alle aktivitetane som skjer i soknet.

Meir informasjon om oss finn du på nettsida vår: Hareid sokn - Hareid Sokn (kyrkja.no)

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"