Gjennom dåpssamtalen vil familiene få ein smakebit av kva vi har å tilby i trusopplæringa. Vi sender ut invitasjon til alle døypte 2-3 veker før det aktuelle tiltaket.
Tiltaka er ulike; vi har for eksempel samlingar og utdeling av kyrkjebok til 4,5 og 6 åringar. Leirtilbod for 7, 9 og 13 åringar. Ulike samlingar i kyrkja, kyrkjelydshuset, bedehusa eller ute i friluft, alt etter alder og årstid.
Vi varierer innhaldet med film, leik, bibelhistorier, matlaging, song,- i små grupper og store grupper. Det mest omfattande tiltaket er sjølvsagt for konfirmantar med 60 timar fordelt over 9 mnd.
Kontakt gjerne kyrkjekontoret om du lurer på noko eller ikkje får tilbod om dette gjennom vanleg postgang.
Hareid sokn kan tilby mykje kjekt i trusopplæringa!
I Hareid har vi i mange år hatt ein ferdig utbygd plan for trusopplæring, med tilbod til alle aldrar, 0-18 år, der tiltaka i planen vert gjennomført systematisk kvart år.