Me ynskjer alle å finne gravplassane ryddige og velstelte, og no er det tida for å gjere ein innsats for det.
Ein liten vårpuss trengs, og di fleire som møter, di mindre arbeid vert det på kvar av oss.
Ta med eigne handreiskapar som t d ei rive eller ei hagesaks, + eigne hanskar.
Soknerådet syter for sekkar og tilhengar for borttransport av oppsamla boss.
Soknerådet syter også for ei felles kaffi-ykt der me kan vere sosiale.
Det er kjekt å gjere noko i lag!
Velkomne til dugnad onsdag 30.mars kl.17.00 til 20.00!
Kyrkjebø Soknerådet
DUGNAD
Tid for dugnad på gravplassane!
