Tysdag 5. desember hadde me her i Norheimsund kyrkje besøk av flotte og svært nysgjerrige ungdomar frå siste året på Kvam vidaregåande skule. I kyrkjerommet fekk dei treffa både prest, organist, kyrkjeverje og sakshandsamar.
Dei hadde, i samband med faget religion, livssyn og etikk, førebudd mange spørsmål, spesielt til presten, Roar Strømme. Han vart bl.a. spurd om kvifor han ville bli prest, når han vart kristen, om han var gift, kva løn han hadde, om han hadde ein spesiell diett og om han hadde truffe paven. Svara må ha falle i smak for før dei skulle gå fekk han til og med tilbod om å rulle med dei på russebussen til våren 😊👍
Takk for besøket og velkomen tilbake ANYTIME!