Dette gjeld både prosesjonen, val av bibeltekstar, salmar og musikk og eventuelt tenning av lys. Dessutan kan dei vera med på å avgjera rammene rundt ekteskapsløftet, overrekking av ringar og forbønnen for paret.
Det er også mogleg med kulturelle innslag som understrekar bakgrunnen til paret. All planlegging må skje i samarbeid med prest og organist/kantor. Desse har ansvar for å godkjenna innhaldet i seremonien. Viss den eine part tilhøyrer eit anna trussamfunn enn Den norske kyrkja, kan biskopen godkjenna at ein frå vedkommande trussamfunn deltek ved vigselen.
Pynting av kyrkjerommet
Ofte kan det vera fleire vigslar i same kyrkje same dag. Samarbeid om pyntinga kan vera ein god ide. Avtale om tidspunkt for pynting blir gjort med den kyrkjetenaren som er på arbeid den aktuelle dagen.
Val av musikk
Organisten har ansvar for å godkjenna musikken som skal brukast ved vigselen. Viss paret har ønske om spesiell prosesjonsmusikk eller andre song/musikkinnslag, er det viktig å ta kontakt i god tid med organisten. Dette gjeld både godkjenning av musikkinnslag og tidspunkt for øving.
Sjå punkt 6 under Valmogelegheiter for forslag til musikk.
Entreen til paret
Mange stader er det tradisjon at paret går inn saman. Dette er den gamle kyrkjelege ordninga og eit uttrykk for at dei to sjølv kjem til kyrkja for å ordna det formelle ved å stifta eigen familie, men det fritt fram å velja andre måtar også.
Prosesjon
Skal det vera brudepiker og brudesvenner i prosesjonen, må dette avklarast på førehand. Det er også høve til å ha ein større prosesjon med forlovarar og prest. Prosesjonen skal enda ved alteret. Det må òg avtalast om både bryllaupspar, foreldre og forlovarar skal sitja på eigne stolar framme ved alterringen.
Før utgangsprosesjonen går presten ut av alterringen og gratulerer paret, forlovarar og foreldre. Bryllaupsparet går først i utgangsprosesjonen, deretter brudepiker og svenner, så forlovarar og foreldre, og til slutt resten av gjestene.
Skriftlesning, salmar og talar
Den fyrste delen av vigselen er den spesifikt kyrkjelege. Etter prosesjon og velkomstord er det ein felles salme og/eller solosong før skriftlesning og tale. Familie og vener som ynskjer å delta i seremonien, kan til dømes lesa frå Bibelen. Etter talen er det gjerne ein salme eller eit musikkinnslag før sjølve vigselshandlinga.
Ekteskapsløftene
Para kan velja mellom to ulike måtar å avlegga ekteskapsløfte på. Den tradisjonelle måten er at presten stiller to spørsmål til dei som skal viast, og dei så svarer ja. Den andre måten er at paret sjølv framfører ekteskapsløfta ved å gjenta etter presten: Eg tar deg, NN, til ektefellen min. Eg vil elska og æra deg, og bli trufast hos deg i gode og vonde dagar inntil døden skil oss.
Ringane
Det er mogeleg for paret å gi kvarandre ringar under vigselen. Då skjer overrekkinga etter at presten har sagt: ”Gi no kvarandre ringane, som de skal bera til teikn på løftet om truskap”. Alternativt kan paret gjenta fylgjande etter presten: NN, eg gir deg denne ringen som eit teikn på løftet mitt om kjærleik og truskap.
Forbøn for paret
Forbønen kjem etter løfteavlegginga. Paret går fram til alterringen og knelar medan presten legg handa på hovuda deira. I tillegg til presten kan òg nokon av gjestene vera med og be for paret. Det er mogeleg å velja mellom ulike bøner eller be ei bøn som paret sjølv har vore med på å utforma. I tillegg til bønene kan det tennast lys og syngast ein bønesalme. Etter forbønen ber alle bøna Fader Vår.