Dei fleste vigslar varer mellom 30 og 45 minuttar. Likevel kan dette variera, avhengig av blant anna antal musikalske innslag, tekstlesigar og prestens tale.
Hoveddelane i ein bryllaupsseremoni er inngang, musikk, lesing frå Bibelen, prestens tale, ekteskapsinngåing og bøn for paret.
I løpet av handlinga kan det gjevast rom for medverknad av ulike slag, sjå "Personleg preg på vigselen". Desse innslaga må passa vigselshandlingas gudstjenestlige karakter og ikkje bryta med Den norske kyrkjas trusgrunnlag.
Innslag som kjem som tillegg til liturgien, kan plasserast etter ledd 9. Forbønn. Der namna skal nemnast, kan ein bruka fullt namn eller førenamn, etter kva som er naturleg i det enkelte tilfellet. Under ledd 7. Ekteskapsinngåing skal det brukast fullt namn.
Kyrkjemøtet vedtok 30. januar 2017 ein ny vigselsliturgi som ynskjer likekjønna par velkomen til å gifta seg i Den norske kyrkja. Denne liturgien kan brukast av alle.
Det er to liturgiar for vigsel i Den norske kyrkja, vedtatt i 2003 og 2017. Klikk på dokumenta nedanfor for meir informasjon.