💚 Hadde det vore fint å vore gift, de berre kom aldri så langt?
💛 Hadde de planer som aldri vart noko av?
❤️ Vil de sleppe lang planlegging,og berre gjere det enkelt?
💜 Drop-in er like høgtidleg, berre med mindre planlegging.
🤍 Slik fungerer det:
Par som skal gifte seg må ha med prøvingsattest, den ordnar de på www.skattetaten.no - og denne må vere klar før de kan gifte dykk.
Seremonien er enkel, men har ingen plassbegrensning. Ta gjerne med familie og vener. Kyrkjerommet er godt egna til enkle seremoniar - vi stiller med kyrkjetenar, prest og organist/musikk. Vigselen tek ca 20 minutt.
🍾🥂Bobler på kyrkjetrappa til dei nygifte
🙋♂️🙋♀️Kyrkja kan stille med vitne, om de treng det (men de kan óg ha med forlovarar).
💒 Alle par er velkomne til å feire og stadfeste kjærleiken! 🌈
💰⌚ Alt er like gyldig og høgtidleg, berre med mindre planlegging, og heilt gratis!
Ta gjerne kontakt med Wenche prest om de har spørsmål på tlf 995 54 531
