Ulnes kyrkje er ei middelalderkyrkje i stein frå omlag år 1265. Kyrkja er det eldste bygget i opprinneleg bruk i Nord-Aurdal, og det har vore fleire forsøk på å rehabilitere fasaden utan varig hell. Difor har Nord-Aurdal kyrkjelege fellesråd no fått tilskott til å gå i gang med grundigare forarbeid enn ein har hatt høve til tidlegare.
Kyrkjeløftet
Tilstandsanalyse for både innvendig og utvendig arbeid vart ferdigstilt i 2023. No er ein i gang med andre etappe, forprosjektet. Fellesrådet har fått tilskott frå både kommunen og Riksantikvaren til eit forprosjekt på utvendige vegger, tak og deler av ein innervegg. Forprosjektet skal vere ferdig sommaren 2025, og då vil fellesrådet ha eit godt grunnlag for å søkje om statleg finansiering frå Kyrkjeløftet, og kommunal finansiering på resten.
Felles kompetanse på tvers av fagmiljø
Nord-Aurdal kyrkjeleg fellesråd forvaltar kyrkja på vegne av eigaren, som er Ulnes sokn. Fellesrådet er oppteken av å nytte og bygge kompetanse med dei beste fagmiljøa for eit godt og varig resultat. For å få det til må ein samarbeide med alle relevante aktørane der dei viktigaste i denne omgangen er Valdresmusea, Riksantikvaren, kyrkjebyggavdelinga i KA og ikkje minst lokale tradisjonshandverkarar.
Open dag
30. juni inviterer Ulnes sokneråd, Nord-Aurdal kyrkjelege fellesråd og Valdresmusea til open dag i Ulnes kyrkje. Arrangementet byr på eit nært møte med bygget, med historia og Ulnes kyrkje sin plass i bygda. Det blir korte innlegg og samtale om Kyrkjeløftet, og dialog med publikum i etterkant. Fabrica kulturminnetjenester AS, som har fått i oppdrag å utføre forprosjektet, er òg med denne dagen.
Program
1400-1410: Velkommen v/Aud-Karin Hovi kyrkjeverge i Nord-Aurdal og Arnt Erling Ringsaker kyrkjetenar i Ulnes gjennom mange år
1410-1430: Fabrica kulturminnetjenester v/Morten Stige og Per Storemyr - om Ulnes kyrkje og nokre funn så langt i forprosjektet
1430-1440: KA v/Ole Christian Torkildsen: Kirkeløftet for heile Noreg og Ulnes kyrkje
1440-1445: Valdresmusea v/Ole Aastad Bråten: handverkskompetanse og utdanning
1445-1515: Dialog om Kyrkjebygget som levande kulturminne. Ulnes kyrkje har stått i snart 1000 år – kven bestemmer kva om kyrkja dei neste 1000 åra?
1515-1530: Enkel servering
1530-1630: Omvisning på fleire stasjonar: inne i kyrkja, ute rundt kyrkja og oppe i tårnet
1630-1700: Open runde for dei som vil stille fleire spørsmål/ikkje fekk med seg starten
1700: Slutt
Vonar mange finn vegen til eit unikt møte mellom bygg og folk.
Arr: Ulnes sokneråd, Nord-Aurdal kyrkjelege fellesråd, Valdresmusea