Mykje folk samla i det fine veret. Mannskoret song, og fungerande biskop Ragnhild Jepsen preika på "haustens påskedag" om Jesus som vekker opp enkesonen i Nain.
Leiar i styret, Bjarne Hagen, leia forsamlinga i samlingsbønn. Leiar i Orkland kirkelige fellesråd, Helge Klungland, helsa og overrekte jubileumsgåve med 20 nye salmebøker . Helga Mahlum Melås var tekstlesar. Prost Dagfinn Thomassen og prestar i Orkdal da Fjellkyrkja vart bygd: Bertel Aasen og Audun Slettahjell deltok også i gudstenesta.
Jubileumslotteriet gav 16 000 kroner til Fjellkyrkja. Estlandsforeninga i Midt-Norge gav 5000 kroner. Styret nytta også høvet til å takke familien til Kåre Gjønnes for minnegåve på 52 000 kroner i samband med Kåres gravferd
Leiar i Rådet for Søvasskjølen fjellkyrkje , Jan Arild Dahl, hedra leiar i byggekomiteen da Fjellkyrkja vart bygd i 1981: Tormod Hagen ved å kalle han fram og overrekke han ein blomsterbukett.
Tekst: Birger Foseide