Agentsamlinga startar laurdag kl. 14.00 og slutter kl. 19.00.
Du får utdelt agentkoffert og agentbevis mm, slik at du kan utføra agentoppdraga.
Søndag møtes vi igjen kl. 10.45 til førebuing av Tårnagentgudsteneste.
Dersom de agentar klarer å løyse alle mysteria (begge dagane) så er det utlova ein dusør. Familie og vener er hjarteleg velkomne til gudstenesta søndag - dei må berre love å snike seg inn!
Kjære føresette:
Vil du vere Englevakt? Vi treng hjelp frå foreldre. Englevakt er ein/ei som hjelper til med ei praktisk oppgåve. Til dømes:
- Tilstades saman med 7-8 born ved oppgåveløysing.
- Kjøkkenhjelp, kl. 15.00 - 17.00
- Ta med noko «Agentsnacks» til kyrkjekaffe søndag
(frukt, kake, bollar eller liknande). - Fotografere frå dagen.
Påmelding her innan 2. februar
Merk at fristen er endeleg – det er mykje som skal førebuast.
Deltakaravgift: 100,- (mat og materiell)
Vipps eller kontant i døra
