Salmefest med «tru, trøkk og tango»!
Kantor Irina Tarasova og dirigent Marius Dale Romslo inviterer til Salmefest i Nore Neset kyrkje torsdag 5. mars!
«Og så midt i Fastetida?» utbraut kapellan Jostein Enger, som kom med i koret frå andre øving. Ja, det kan så vere – men Jostein vart med i prosjektkoret, og med band og orgel er vi klare for å feire med fest og glede, sjølv midt i fastetida!
Prosjektkoret har øvd på eit utval av salmar med flotte tonar og rytmar under leiing av Marius Dale Romslo.
Marius starta i haust i eit vikariat i Os sokn som kyrkjetenar, og 20% engasjement som korleiar. Marius er utdanna innan song og musikk og har allsidig erfaring å vise til, blant anna som mangeårig dirigent for Os Mannskor.
Salmekvelden er gratis! Vi håpar på stort oppmøte frå folk i alle aldrar som vil synge med oss og oppleve musikk som lyfter taket i Nore Neset kyrkje!
PS! Vil du oppleve ein forsmak på kva du kan vente deg på Salmefesten? Kom på gudstenesta i Os kyrkje søndag 1. mars for å høyre noko av musikken på forskot! Velkommen!
