Fredag 20. september kl. 18:00 arrangerer Os kyrkjelyd Frivilligfest i Tunet for gamle og nye frivillige.
Er du ikkje frivillig, men kunne tenke deg å bli det? Da er du også hjarteleg velkommen! Det treng ikkje vera mykje eller ofte, men det er bruk for nett deg og dine evner, og vi tør love at du får mykje att for innsatsen du legg inn!
Dette blir ein fredagskveld med god mat og drikke, underhaldning og mingling saman med dei andre frivillige i kyrkjelyden. Kle dykk pent og ta med godt humør – resten ordnar vi!
Meld deg på ved å trykke på lenka nederst! Bli med, då vel!