Open kyrkje for bøn
Kyrkja vil vere open kl. 15-16 for alle som ønsker å komme innom og tenne lys og be.
Ein protest mot lidingane
Biskopane i Den norske kyrkja har teke initiativet til denne markeringa fordi den humanitære situasjonen på Gaza er så heilt forferdeleg - for borna, for dei som ikkje ser vona for morgondagen, for gislane som er tekne til fange. I Bjørgvin vil klokkene ringa frå omlag 100 kyrkjer.
Kirkenes klokkar kallar til bønn og er eit uttrykk for solidariteten vår med sivilbefolkninga på Gaza. Slik kan vi uttrykkje vår uro og protesten vår mot dei lidingane det palestinske folket utsetjast for i Gaza.
Vi står overfor ein situasjon som er så kritisk at vi alle saman spør oss kva vi kan gjere. Når orda ikkje strekk til, lèt vi klokkene gi lyd til avmakta vår. Når handlingane våre kjennest små, vender vi oss i bønn til den tresamde Gud, skaparen vår, frigjerar og livgjevar. Når mørket tetnar, tenner vi lys.
Det å ringje med klokkene er også eit farevarsel.
Ikkje berre for dei som blir ramma direkte, men for heile menneskeslekta. Derfor oppmodar vi alle som kan gjera noko for å få slutt på lidingane i Gaza – til å gjere det med fredelege verkemiddel. Vi har kyrkjene våre, vi har orda, vi har symbola. Gjennom kyrkjetårna i landet, tek vi fellesskapsrommet i bruk med uttrykket vårt, og kallet vårt til handling.
I denne tida kan vi til dømes be denne bøna:
Miskunnsame Gud,
Du høyrer vår klage og kjenner nauda hjå menneska.
Vi ropar til deg for alle som lid i den grusomme krigen på Gaza.
Vi ber for dei som fryktar for livet. For alle som har mista familiemedlemer og som sørgjer over sine kjære. For dei som er råka av hungersnaud og som manglar det dei trengt for å leve. Vi ber for alle som er drivne på flukt, og minnes dei som er drepne.
Lenge har vi bedt, og vi spør: Kor lenge, Herre, kor lenge må dei og vi vente?
Livsens Gud, du vil forsoning og fred. Gje visdom og vilje til dei som kan skape ein rettferdig fred, slik at livet igjen kan vekse fram i byar og landsbyar som dødens krefter har lagt øyde.
Kyrie Eleison - Herre, miskunne deg!
Jesus Kristus,
Bornas forsvarar og ven med dei fattige.
Høyr vår bøn for borna som veks opp med bomber og naud omkring seg.
Vi ber om at ei strime av von og glede kan kome til dei.
Vi ber for foreldra som makteslause ser borna sine døy.
Og vi ber så inderleg om at hjelpa må nå fram til alle som er i naud.
Vi ber for dei som leitar etter trygge stader der dei kan søke ly.
Gje klokskap og kraft til dei som arbeider på sjukehusa og til alle som tek i mot flyktningar.
Kyrie Eleison - Herre, miskunne deg!