I regi av Sotra Rotary Club vart det arrangert yrkesmesse i Sartor Arena. 10. klassingar frå heile Øygarden brukte kvelden mellom 18.00 og 20.30 på å snakke med potensielle framtidige arbeidsgjevarar og få meir informasjon om skular dei kunne tenkje seg å gå vidare på.
Her var også Den norske kyrkja i Øygarden representert med ein stand. To medarbeidarar delte ut brosjyrar, nestekjærleik (kjærleik på pinne) og vi prøvde å få ungdommane til å teste ein liten quiz.
Det er viktig å vere synleg i lokalmiljøet og blant ungdommane. Messeleiaren for Rotary-cluben sa at «det er viktig å ta vare på kyrkja» og «at det er viktig at kyrkja er til stades på yrkesmessa». Dette gjev oss motivasjon og inspirasjon til vidare arbeid, og at vi har tillit og støtte ute i samfunnet. Det er godt å kjenne at vi blir anerkjent og at vi må må tørre å vere frimodige, og vi fekk til og med nesten lovnad om ei betre plassering av stand neste år.