T12 LysVaken i Fjell kyrkje

Laurdag 22.-søndag 23. november var ein lys vaken gjeng med tolvåringar (sjuandeklassingar) på overnatting i Fjell kyrkje. Tema for helga var misjon, og tolvåringane fekk treffe heile tre ulike misjonærar i løpet av laurdagen.

Publisert:

T12 LysVaken i Fjell kyrkje

Fyrst møtte vi den aller fyrste kristne misjonæren, Paulus frå Tarsus, og han fortalde om livet sitt og om misjonsreisene sine rundt omkring i Europa og Lille-Asia. 

Deretter kom Mildred Heggernes på besøk. Ho har vore misjonær i Thailand saman med familien sin, og ho fortalde mykje interessant og lærerikt både om korleis det er å være misjonær i vår tid, om folk ho møtte i Thailand og om kva for arbeid misjonærane i Thailand driv med. 

Neste post på programmet var sporløp rundt i kyrkja. Fleire av spørsmåla handla om Paulus eller om Thailand, og det var tydeleg at sjuandeklassingane hadde fått med seg mykje, for mange svarte rett på dei fleste soørsmåla.

Etter «gudstenesteverkstad», korøving og deilig tacomåltid, var det tid for stemningsfull «perlevandring»  i kyrkjerommet. 

Den siste gjesten vi fekk på besøk på laurdagen, sjølvaste «gjesten i natta», var Alvhild Vassel Eide, som har vore misjonær i Kamerun. Der var ho lærar og rektor i mange år. Alvhild delte ei historie om ein av gutane som var elev på skulen der ho jobba, og det gjorde sterkt inntrykk på tolvåringane. Dei sat som tente lys og følgde med.

Den natta sov vi godt og trygt i kyrkja, både T12-arane og vi vaksne som var med. Neste morgon var det tid for frukost, rydding, pakking og øving. Klokka 11 var det LysVaken-gudsteneste der alle som ville, var velkomne. Tolvåringane deltok med alt dei hadde øvd på i løpet av lørdagen, både tekstlesing, dramatisering og song. Det blei ei kjempefin gudsteneste om ein som verkeleg var «lys vaken» for nesten sin, nemleg den miskunnsame samaritanen. 

Etter gudstenesta var det deilig kyrkjekaffi og skikkeleg misjonsbasar, og også der var tolvåringane «lys vakne» og hjelpsomme, både med trekning og med å gå rundt med gevinstar til dei heldige vinnarane. Alle inntekter frå basaren gjekk til kyrkjelydens misjonsprosjekt i Thailand.

tolvåringar held basar og held opp premie og vinnarlodd

Vi som var så heldige å få vere på jobb denne helga, vil få rette ein stor takk til alle som bidrog til at dette blei ei flott oppleving for oss alle. Tusen takk til LED-ungdomane som hadde T12 som leiarpraksis, til foreldra som bidrog med alt frå matlaging til rydding, tusen takk til misjonærane som kom og fortalde og til alle som var med på gudstenesta og kyrkjekaffien på søndagen. 

Vi gler oss til å treffe desse sjuandeklassingane igjen allereie laurdag 25. april, for då er det T13-dag i Foldnes kyrkje! Til slutt vil vi oppmode alle som blir tolv år i 2026 (altså dei som er fødde i 2014) om å vere «lys vakne» for info om T12 LysVaken 2026. Datoen er ikkje heilt satt enno, men  blir det i truleg blir det ei helg i november. T12 LysVaken er ei kjempefin helg på alle måter, og vi har plass til mange!

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"