Då hadde teamet frå Bergen allereie vore der i fleire timar med rigging og lydsjekk. No var det klart for show! “Saman-teamet” er ein gjeng med dyktige unge vaksne som bur i Bergensområdet. Dei reiser saman med “Farmen-presten” Thor Haavik rundt i bispedømmet med program og opplegg for konfirmantar. Her er det både dyktige solistar, musikarar og lydteknikar. Og for dei som hadde vore konfirmantleiarar ei stund var det ekstra stas med den eine solisten. Malene Mortensen kjem nemleg frå Fjell, og har hatt mykje av ungdomstida si både i Fjell og Foldnes kyrkje.
Kl. 18.30 strøyma det inn konfirmantar frå både Fjell, Foldnes og Landro kyrkje. Dei fekk ein kveld med god musikk (for er det ikkje herleg når du kan kjenne bassen dirre i kroppen?!), fekk lære nokre nye songar, og fekk tenke nokre nye tankar. For kan det finnast gode grunnar til å tru på Gud? Og særleg når Thor fortalte frå sitt eige liv, var det tydeleg at konfirmantane responderte på det han sa. I pausen var det fleire som rett og slett blei «starstruck» når dei fekk prate med Thor, og ikkje minst ta selfie! Dei hadde ja sett han på «Forræder» i haust, og kor ofte får du faktisk treffe ein levande kjendis?
Og som ein siste kommentar frå ein ungdom på vegen ut: «Dette må vi ha fleire gonger!»