Minnelunden vert stelt av kyrkjegardsarbeidarane.
Namna minnelund har ikkje eigne gravminne og plantefelt som ved ei «tradisjonell» grav. I staden kan blomar og lys setjast ned på tilvist stad ved felles minnetavle. Kunstige plantar og batteridrivne lys kan ikkje nyttast.
På ei felles minnetavle vert det sett opp plakett med avdøde sin fødsels- og dødsdato. Det er og høve til å nytte symbol og leggje til ein kort minnetekst på inntil 25 teikn.
Prisar pr. 01.01.20 for namneplatar til namna minnelund er:
Blomvåg Gravplass - Plate i støypt bronse (inskripsjon støypt i plata) | kr 5000 |
Landro Gravplass - Børsta stålplate (innskripsjon innfelt med svart lakk) | kr 1500 |
Foldnes Gravplass - Børsta stålplate (innskripsjon innfelt med svart lakk) | kr 1500 |
Hjelme Gravplass - Børsta stålplate (innskripsjon innfelt med svart lakk) | kr 1500 |
Namneplater bestilles gjennom seksjonsleiar for kyrkjer og gravplassar.
Urnegrav på namna minnelund er frigrav i 20 år. Når det har gått 20 år etter urnenedsetjing, vert det krevd inn festeavgift.
Anonym minnelund
Nokre gonger er det ønskje om at den døde vert lagt i ei anonym grav. Dette skjer i første rekkje når avdøde sjølv har ytra ønskje om det.
På Foldnes gravplass finst det ei anonym minnelund der det er høve til å setje ned urner. Plasseringa av grava vil berre vere kjend av gravplassforvaltinga.