Konfirmantane skapte adventsstemning

Andre søndag i advent var det lysmesse i Fjell kyrkje. Lysmessa er ei stemningsfull gudsteneste som inviterer til ro, ettertanke og fellesskap i den mørke årstida.

Publisert:

Konfirmantane skapte adventsstemning

I førre veke var det lysmesser i både Fjell kyrkje og Foldnes kyrkje, og desse gudstenestene er særleg retta mot konfirmantar og familiane deira. 

I denne konfirmantgruppa har ungdommane sjølve vore med på å førebu og gjennomføre lysmessa i adventstida i kyrkja dei høyrer til. Gjennom tekstlesing, lystenning og ulike praktiske oppgåver var det konfirmantane som sette saman og bar gudstenesta.

Då gudstenesta tok til, var alle lys i kyrkjerommet sløkte. Berre lyset frå juletreet, tente stearinlys og det opplyste glassmaleriet gav rommet eit stille og høgtideleg preg. I denne stemninga kom konfirmantungdommane inn i kyrkja, kledd i kvite kapper og med kvart sitt lys i handa. I stillheit gjekk dei fram og plasserte lysa i eit trekors framme i kyrkja, eit symbol på håp og lys i adventstida.

Lysmessa vart ei roleg og minnerik oppleving, der konfirmantane si deltaking gav gudstenesta eit nært og personleg uttrykk. Mange opplevde at samspillet mellom mørke, lys, musikk og kyrkjerom skapte ei særleg flott adventsstemning.

Lysmessa i Fjell kyrkje minner oss om korleis lyset får ny tyding når mørket er rundt oss, og om fellesskapet som blir skapt når vi ber lyset saman.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"