Strålende start for Fjell Barnekor

Barnekoret i Fjell kyrkje har fått ein svært god start dette semesteret. Der det tidlegare i snitt møtte rundt 6 barn på øvingane, kjem det no om lag 20 songglade barn kvar gong.

Publisert:

Strålende start for Fjell Barnekor

Den store auken i deltaking skapar stor glede blant dei som driv koret. Mange barn har funne vegen til øvingane, og det har utvikla seg eit livleg og kjekt kormiljø.

På øvingane får borna synge saman, leike og vere med på ulike hobbyaktivitetar. Det gode fellesskapet ser ut til å trekke stadig fleire til koret, og stemninga blir skildra som både inkluderande og engasjerande.

Barn sitter rundt et lang rull hvitt papir, fjesene er skjult med en blomster emoji.

Ein gong i månaden blir det også arrangert felles middag for familiane. Då tek mange med seg sysken, og samlinga blir ei hyggeleg stund for både små og store.

Den gode oppslutninga gir eit solid grunnlag for ein flott korsesong vidare. Planar for semesteret er å synge på sjukeheimen på Straume og ha vår årlege felleskonsert saman med barnekora frå Landro kyrkje. Dette gler vi oss til.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"